Smittevern
I endringane i smittevernreglane frå 23.februar blei kravet om fastmonterte seter endra til faste tilviste plassar.
Dette betyr at vi endeleg kan opne opp for å ha fleire i kyrkjene våre under gudsteneste, gravferd, bisetting, bryllaup, og andre arrangement.
Endringane til faste tilviste plassar betyr at kyrkjer som er store nok kan ha inntil 100 deltakarar, gitt at ein fylg krav til avstand mellom deltakarar som ikkje er i same husstand og øvrige krav til smittevern.
På grunn av storleiken til kyrkjene våre har vi ikkje moglegheit til å ha 100 personar på gudsteneste, talet vi kan ha i dei ulike kyrkjene er som fylgjer*:
Stranda kyrkje: 64= 50 + 14 på galleriet
Sunnylven kyrkje 76= 56 + 20 på galleriet
Geiranger kyrkje 38 = 28 + 10 på galleriet
Liabygda kyrkje 25 = 20 + 5 på galleriet
Norddal kyrkje 50 = 40 + 10 på galleriet
Sylte kyrkje 80 = 60 + 20 på galleriet
Stordal kyrkje 50 = 40 + 10 på galleriet
*Deltakarar som er i same husstand kan sjå bort frå kravet om avstand mellom seg, og på denne måten kan det ved nokon tilfelle vere plass til fleire i kyrkja enn oppgitt i oversikta over.
Vi er pålagt å registrere alle som kjem med namn og telefonnummer. Dette for at helsemyndighetene skal ha høve for å spore eventuelle smitte i etterkant. Namnelistene vert oppbevart konfidensielt i 10 dagar. Det ligg lister ein kan skrive seg opp på i våpenhuset.
Når maks antal personar er inne i kyrkja, vil dei som kjem etter at kyrkja er "full" møte ein plakat på ytterdøra med beskjed om at det er fullt. Det er merkeleg og sårt for oss å skulle avvise nokon til kyrkja, men vi ber om forståing for at det må vere slik pga smittevern.
Vel møtt til gudsteneste!